Ny regjering på plass

I regjeringsforhandlingane blei partia Høgre, Framstegspartiet og Venstre einige om ei ny regjeringsplattform. Venstre har med dette gått inn i regjering. Det kan bety eit større trykk på det grøne skiftet innan skipsfarten.

 

Partia har saman laga ei regjeringsplattform, Jeløya-plattforma, som legg fram kva regjeringa ønskjer å prioritere framover. Om grønt skatteskifte skriver dei blant anna at skatte- og avgiftspolitikken skal bidra til å redusere norske klimagassutslepp, og at hovudverkemidla skal vere sektorovergripande i form av klimagassavgifter.

Dette vil mest sannsynleg bety eit endå større trykk på CO2-avgifta, ei avgift som har dobla seg sidan 2013, for den norske kystfarten. Skipsfarten må tenke miljøvenlege løysingar ved investering i nyare tonnasje, og er allerereie godt i gong. Eit CO2-fond som skal bidra til dette er under planlegging, og skal vere klart i 2019. Dette fondet skal bidra ytterlegare til å sette fortgong på utsleppsreduksjonar i alle sektorar, også skipsfarten.

Samstundes er nærskipsfarten det miljøvenlege transportalternativet. Konsekvensane av ei ytterlegare auke i avgiftene for nærskipsfarten er derfor strid med dei politiske målsetningane om å overføre meir gods frå veg til sjø. Gods frakta sjøveien er i seg sjølv eit miljøtiltak. Det fører til mindre forureining, færre lastebilar og dermed også tryggare vegar. Og det er her vi må kjenne vår besøkstid i møte med politikarane. Vi vil bruke ei kvar anledning til å minne politikarane om kva transportløysing som er best for samfunnet og miljøet. Ei tranportløysing som også skal ha fokus på miljø og bærekraft i nye investeringar. Det er sjøtransporten.

Statsrådar i regjeringa til Erna Solberg (H) er som følgjer:

Finansminister Siv Jensen (FrP)
Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V)
Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H)
Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (FrP)
Fiskeriminister Per Sandberg (FrP)
Olje- og energiminister Terje Søviknes (FrP)
Kulturminister Trine Skei Grande (V)
Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H)
Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H)
Helseminister Bent Høie (H)
Utenriksminister Ine Eriksen Søreide (H)
Justis-, beredskaps- og innvandringsminister Sylvi Listhaug (FrP)
Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H)
Barne- og likestillingsminister Linda Cathrine Hofstad Helleland (H)
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (FrP)
Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H)
Eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen (FrP)
Utviklingsminister Nikolai Eivindssøn Astrup (H)
Forskning- og høyere utdanningsminister Iselin Nybø (V)