Kystrederiene med i NCE Maritime CleanTech

NCE Maritime CleanTech er ei maritim næringsklynge som samlar deltakarar frå 61 ulike verksemder, der dei fleste høyrer til langs kysten frå Stavanger til Bergen. Deltakarane i klynga representerar heile den maritime verdikjeda, leverandørar av fornybar energi, samt forskings- og utdanningsinstitusjonar. NCE Maritime CleanTech held til på Stord.

Styreleiar i Kystrederiene, Lawrence Falkeid, er svært nøgd: – Nærskipsfarten, som våre medlemer representerar, er ei viktig brikke for å utvikle og ta i bruk ny miljøteknologi. Med vår deltaking i klynga, får vi tilgong til ein ny samarbeidsarena og kunnskapen denne representerar.

Klynga sitt hovudmål er å styrka klyngedeltakarane si konkurranseevne ved å lansere innovative løysingar for energieffektive og miljø- og klimavenlege maritime aktivitetar.

Du kan òg lese om dette på NCE Maritime CleanTech sine heimesider.