Nei til fortrinnsrett for hamnearbeidarar

I forrige veke deltok Kystrederiene på høyring i Stortingets arbeids- og sosialkomitè vedrørande eit forslag til fortrinnsrett for hamnearbeidarar. Forslaget var eit såkalla Dokument 8 forslag, fremja av representantar frå Senterpartiet. Eit “Dok 8-forslag” er eit forslag som vert lagt fram av stortingsrepresentantane sjølve.

 

Vårt bodskap i høyringa var at dette forslaget vil kunne få alvorlege konsekvensar for våre medlemer.

Det er i dag brei politisk semje om å få til meir godsoverføring frå veg til sjø. Representantforslaget står i direkte motsetnad til dette arbeidet, og vil vere ei sperre for å få meir gods over på sjø. Dersom rederia ønskjer å nytte seg av laste- og lossearbeidarar, må det sjølvsagt vere mogleg. Men det må ikkje vere gjennom forordningar og tvang, slik dette forslaget legger opp til. Skal ein få til satsingane om godsoveføring frå veg til sjø, er det klart at hamnene er viktige. Lasting og lossing må vere sikkert og effektivt, og kostnadane må haldast nede. Dette forslaget vil i praksis bety dyrare hamner og mindre effektive hamner for ei næring der marginane kan vere små.

Nærskipsfarten sin store fordel er at mange av skipa kan anløpe dei minste kaier og anløpsstadar, for eksempel mange av dei små anløpa og tømmerkaiene som er rundt omkring i distrikta. Dette er kaier som ikkje er bemanna, og der skipa kan gå inn og gjere heile operasjonen sjølve. Dette skapar aktivitet, og aktivitet skapar arbeidsplassar og verdiskaping.

Heile høyringsnotatet kan lesast her: HøyringsnotatKystrederieneDok8FortrinnsrettHamnearbeidar

Representantforslaget vil bli behandla i Stortinget 12. juni.