Skipsfinansieringsordning på plass

Frå denne veka kan reiarar søkje om finansiering av skip som skal nyttast i Noreg.

Skipsfinansieringsordninga ei ny, mellombels låne- og garantiordning for kjøp av skip frå norske verft, når desse skipa skal brukast i Noreg. Det kan være skip som til dømes ferjer, fiskebåtar, brønnbåtar og båtar til nærskipsfart. Ifølgje Eksportkreditt Norge er det særlig fiske- og brønnbåter som per no dominerer søknadsmassen.
– Dette er eit relevant og treffsikkert tiltak som vil føre til auka aktivitet på norske verft og til at vi beheld kompetanse og arbeidsplassar i Noreg. Ordninga kan auke verdiskapinga i Noreg og bidreg til omstilling og ein berekraftig velferdsstat, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.
Eksportkreditt Norge kan finansiere inntil 80 % av verftskontrakta, og minimum eigenkapital er 20 %. Maksimal løpetid på lånet er 12 år. Lånet nedbetalast i like store avdrag, normalt halvårlig eller kvartalsvis. Vilkår vert fastsettast etter ei konkret vurdering i kvar enkelt sak og GIEK gir garantiar på like vilkår med bankane.

Samla er garantiramma på 10 milliardar kroner i 2018. Ordninga er treårig og skal evaluerast.
Føremålet med ordninga er at den skal medverke til auka aktivitet for skipsverft i Noreg. I tillegg til nybyggskontraktar, kan større ombyggingar (for skip over 1000 BT) finansierast.

Kystrederiene planlegg eit prosjekt som kan medføre en omfattande flåtefornying hjå medlemma i løpet av dei neste tre åra. Målet for prosjektet er å finne 30 nybyggsprosjekter i tillegg til 20 prosjekt som gir ombygging til fremdriftssystem med ein meir miljøvennlig utsleppsprofil.
– Den nye finansieringsordninga vil gjere det lettare for rederar å bygge nye og meir miljøvennlege skip og fase ut de eldste fartøya i flåten, meinar Tor Arne Borge som er administrerande direktør i Kystrederiene.

Organisasjonen sin konjunkturrapport viser at fleire medlemsrederi har planar om å investere i nybygg på plugg-inn hybridløsninger basert på LNG og batteri.
– Ulike aktørar i verkemiddelapparatet slik som Innovasjon Norge, Nox-fondet og Enova gir alle ulike moglegheiter for støtte til bruk av miljøteknologi. Denne finansieringa er nok eit verkemiddel for å fornye flåten, seier han.

Han legg til at oppnår flåtefornyingsprosjektet målsettinga, vil det ha stor miljømessig effekt ettersom nye framdriftsløysningar vil gi lavare drivstofforbruk og mindre utslepp.

Kystrederiene har søkt økonomisk støtte frå Nox-fondet, Enova og Innovasjon Norge til å gjennomføre et forprosjekt slik at ein kan identifisere prosjekta blant medlemane.

Meir om skipsfinansieringsordninga kan ein lese hjå Ekportkreditt Norge.