Nærskipskonferansen – ein engasjerande arena!

Nærskipskonferansen gjekk i år av stabelen i Bergen. Konferansen blei opna av ordførar Marte Mjøs Persen (Ap), og tema for konferansen var framtidas sjøtransport, rekruttering og samarbeid. Konferansen blir kvart år arrangert i samarbeid mellom Kystrederiene og sjømannsorganisasjonane.

Det blei på konferansens to dagar  levert gode foredrag og engasjerande debattar.

Ruth Grung (AP), Harald Victor Hove (H) og Julie Andersland (V) stilte opp til både foredrag og påfølgjande debatt.

Mostraum og Napier, begge medlemsrederi av Kystrederiene, tok for seg rammevilkår, utvikling, rekruttering og framtidsutsikter for sine rederi. Vidare var det innlegg av Kystrederiene, sjømannsorganisasjonane, Kystverket, Sjøfartsdirektoratet og Maritimt Forum.

Takk til alle foredragshaldarar, politikarar og deltakarar! Vi ser allereie fram til neste år!