Norge skal framleis vere ein leiande havnasjon

Norge skal framleis vere ein leiande havnasjon

Tysdag la regjeringa fram ein oppdatert havstrategi. OECD anslår at den globale havøkonomien vil doble seg innan 2030. Det kan bety mykje for verdiskaping og sysselsetting her til lands.
Skriven av Ingrid Faleide og Sara Alvsaker, mastegradsstudentar, Samanliknande politikk

Nesten alle departementa har vore involverte i arbeidet med «Blå muligheter». Dette vitnar om kor viktig havnæringa er for Norge. Sidan havstrategien vart lagt fram i 2017 har næringane utvikla seg, og for å behalde posisjonen som ein leiande havnasjon er det nødvendig med ein oppdatert strategi. Verdiskaping langs heile kysten, kompetanse og digitalisering, samt klima og grøn skipsfart er dei tre områda regjeringa vil legge særleg vekt på framover.

30% av norsk verdiskaping skjer i havnæringane. Regjeringa vil legge til rette for levande lokalsamfunn i alle delar av landet. Dei ønskjer å sørgje for føreseielege rammer for dei etablerte havnæringane, samt legge til rette for nye, bærekraftige havnæringar som havbruk til havs, havbotnsmineral og havvind. Gjennom målretta satsing på digital kompetanse og relevante og fleksible vidareutdanningstilbod vil regjeringa bidra til å styrke havnæringane og vedlikehalde konkurranseevna. Dei vil halde fram med å arbeide for eit godt og likestilt arbeidsliv og mot arbeidslivskriminalitet og svart arbeid.

Norge skal vere eit lågutsleppssamfunn i 2050 og regjeringa har ambisjonar om å halvere utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske innan 2030. 80 prosent av transport av varer og gods inn og ut av Norge er sjøtransport. Dette kan såleis potensielt ha ein enorm miljøgevinst. Sjølv om miljøtilstanden i norske havområde i dag er god, rammar dei globale utfordringane også Norge. Såleis må vi likevel jobbe for å bidra til å betre miljøtilstanden. Å kjempe mot maritim forsøpling er difor eit viktig punkt i den nye havstrategien. Vidare vil arbeidet med grøn skipsfart auke konkurransekrafta og stimulere til ytterlegare grøn vekst.

Den nye havstrategien framhevar også fleirnivåsamarbeid som avgjerande for å møte FNs berekraftsmål for 2030. For å bidra til betre dialog mellom regionalt og nasjonalt nivå har det blitt oppretta eit havdialogforum. Regjeringa støttar også opp om fylkeskommunane sine engasjement i europeisk samarbeid. Deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020, er den største enkeltsatsinga frå norske styresmakter innan internasjonalt forskings- og innovasjonssamarbeid. Det ser ut til at hav vil bli tydelegare vektlagt i det nye rammeprogrammet Horisont Europa enn det var i Horisont 2020. Regjeringa poengterer difor kor viktig havforsking er for norske havinteresser og forskingsmiljø. Norge er allereie i verdstoppen når det gjeld kunnskap om verdshava, og med dette føl eit ansvar for å bidra til å vidareutvikle denne kompetansen.

Det går tydeleg fram av «Blå muligheter» at Norge ønskjer å halde fram med å vere ein leiande havnasjon.

Lukk meny